Skillingsbollar -enkel oppskrift

Skillingsbollar - enkel oppskrift MA
 
 
Ingrediensar
  • ca 14 dl kveitemjøl
  • 150 gr melangesmør
  • ½ l mjølk
  • 1 pk tørrgjær
  • 1½ dl sukker
  • ½ ts salt
  • Lettsmør, kanel og perlesukker - smør på rektangla før sammenrulling.
  • Egg til pensling + perlesukker før steiking.
Instruksjonar
  1. Lag tørrgjæret til med litt varm mjølk og sukker i kopp, som i oppskrifta Fastelavensbollar.
  2. Bland alt det tørre i kjøkkenmaskinbollen. Smelt smøret, og varm melka. Bland desse to, og ha i det tørre. Elte deigen smidig. Hev til dobbel størrelse med plast over bollen.
  3. Elte deigen smidig. Del den i to like deler. Kjevle/trykk delen ut til som eit rektangel. Smør på smør, strø med kanel og perlesukker. Rull sammen - frå langside til langside. Trykk pøsla til sammen frå kvar ende. Skjær ca 11-12 bitar per rektangel, og legg på steikeplata på bakepapir. Ordne bitane litt tett, og ta på biten slik at svingane viser. Etterhev til dobbel størrelse.
  4. Pensle bitane med egg og strø perlesukker over.
  5. Steiketid 225 grader i ca 10 min.

 

Kakemenn – frå besta Thordis

Kakemenn - frå besta Thordis
 
 
Ingrediensar
  • 250 g sukker
  • 100 g melange smør
  • ½ kg kveitemjøl
  • 2½ dl mjølk
  • 1 ss hjortesalt
  • Får ca 50 stk.
  • Alternativ versjon frå fellesbakeriet på Voss:
  • 2 kg mjøl
  • 1 kg sukker
  • 500 g smør
  • 8 dl melk
  • 10-122 Ts hornsalt
  • 200 grader ca 10 min
Instruksjonar
  1. Smelt smøret. Ha det smelta smøret og mjølka i det tørre, og elt deigen godt. Ta eventuelt i litt meir mjøl. Går fint å elte med eltekrok i kjøkkenmaskin. La deigen stå kaldt - gjerne over natta.
  2. Kjevle ut deigemner middelstjukke, før utstikking. Deigen er litt klissen, så lurt å kjevle ut små deigemner om gongen. Løsne degemnet frå underlaget med steikespade, vert lettare å få kakemennene laus frå underlaget. Kan vera lurt å prøvesteike nokre kakemenn.
  3. Steik bretta på 180 grader i 7-9 min midt i ovnen.

 

Krumkaker – frå besta Thordis

Krumkaker - frå besta Tordis
 
 
Ingrediensar
  • 125 g smør
  • 200 g sukker
  • 4 ts vaniljesukker
  • 125 g potetmjøl
  • 125 g kveitekjøl
  • 2 dl kaldt vatn
  • 4 egg
Instruksjonar
  1. Pisk eggedosis av sukker og egg, luftig. Tilset vaniljen, mjølet og det smelta smøret. Til sist det kalde vatnet.
  2. Varm opp krumkakegjernet og steik til lyse beige kaker. Krum rundt eit tre-krumkakegjern - legg på rist. Ta ut tre-krumkakejernet når kaka er kald. Ein får ca 40 gode og tynne krumkaker.

 

Fastelavensbollar – luftige

Fastelavensbollar - luftige
 
Forfattar:
 
Ingrediensar
  • 500 g kveitemjøl ca.
  • ½ ts kardemomme
  • ½ ts salt
  • ½ ts bakepulver
  • 100 g sukker
  • 100 g melange smør
  • 3½ del melk
  • 1 pk tørrgjær
Instruksjonar
  1. Bland alt det tørr i ein bakebolle/kjøkkenmaskin. Lag til tørrgjæret slik: Litt melk i ein kopp, varm opp til 37 grader (kontroller med melkedråpe på innsida av handleddet). 1 ts sukker + tørrgjeret opp i melka. Ikkje rør, la gjæren vekse seg opp i koppen. Smelt smøret, varm melka opp til 37 grader og bland desse. Kjenn etter at væska ikkje er for varm, før du slår dette opp i det tørre saman med gjæren. Elt til ein smidig deig. La stå i ca 30 min under plast, til deigen har heva seg til ca dobbel størrelse.
  2. Del deigen i 16 emner, trill til bollar og set på steikebrett med bakepapir. La bollane heve i ovnen. Set på 37 grader, og sjå når bollane har heva seg godt. Pensle bollane med egg. Set deretter ovnen på 225 grader og steik bollane til dei er fint gyllne/brune oppå og under. Ca 10-12 min.

 

Sirupssnippar- mormor Marie

 

 

Sirupssnippar - mormor Marie
 
Forfattar:
 
Ingrediensar
  • 250 gr mørk sirup
  • 125 gr sukker
  • 1 dl fløyte
  • 100 gr melange smør/smolt
  • Vips 1 egg
  • ½ kg kvitemjøl
  • ½ ts pepper
  • ½ ts nellik
  • ½ ts ingefær
  • ½ ts natron
  • ½ ts hjortesalt
Instruksjonar
  1. Ha fløyte, sirup, sukker og smøret i ein kjele og kok opp under omrøring til ein luftig masse. Hell over i ein større bolle og avkjøl massen. Rør det vispa egget inn i massen. Bland mjølet og krydderet samamen, og sikt dette inn i massen og rør godt saman. La deigen stå kaldt ei stund, gjerne til neste dag.
  2. Kjevle tynt og skjær ut (rull ut) til snipper. Legg på bakepapir. Del mandler i to, legg ein halv på kvar sirupssnipp. Fest mandlane med å pensle eggekvite der mandelen blir plassert.
  3. Steik på 190 grader i 6-7 min - rille 3 (midt i ovnen). Avkjøl på rist.
  4. Lurt å prøvesteike 1 sirupsnipp for å kontrollere at den ikkje blir for tynn/tjukk.
  5. Ca 40 snippar ved halv oppskrift.